16. jan. 2017

Vinterstemning ein januarmorgon

Så blått og samstundes så kvitt og lyst ute då eg skulle av garde til jobb laurdagsmorgon. Det var vakkert og stille, det minte faktisk om ordentleg vinter og ikkje berre om mørke og grå haustdagar.


Snøen låg så fint på dei små, grøne blada og på bakken. Skolettane mine fekk også litt snø på seg.


Både der eg stod og venta på bussen og vel framme ved jobben, fekk eg oppleve ein nydeleg soloppgang. Lyset var blått, himmelen var rosa, vinterstemning. Ein super start på ein jobblaurdag.

2 kommentarer:

Luisa - La Mar sa...

Det var så fint å ha litt ordentlig vinter, skulle bare ønske det kunne vare litt :) Men men, vi får ta vare på de fine øyeblikkene vi har.

Silje sa...

Er jo sjeldan at snøen ligg lenge her, så det er som du seier at me får ta vare på dei augneblinkane me har ^^ Det gjorde i alle fall godt at det i det heile tatt kom littegrann snø :)