2. jan. 2017

Med ullsokkar på nyttårsaftan

Slik som dette såg vår nyttårsaftan ut. Okei, me sat ikkje med beina på bordet med desse led-lysa heile kvelden, men at me hadde ullsokkar på og tok det heilt med ro, det er eit faktum ;) Hadde taco til middag, me spelte ein runde med "Scrabble" og så såg me filmen Trading Places frå 1983.


Etter kvart byrja klokka å nærme seg midnatt, og me tok på oss gode klede og gjekk opp på ein ås rett i nærleiken. Der hadde me grei utsikt til Vålandstårnet der ein del av kommunen sitt offisielle fyrverkeri blei skote opp. Me var heime igjen rundt halv eitt, og det tok ikkje så lang tid før me var på veg til senga. Ei roleg nyttårsfeiring, ganske annleis enn det me pleier, men me kjente at det var det riktige denne gongen. Slappe av, senkje skuldrene, ikkje stresse eller ha høge forventningar. Så kjem me nok sterkare tilbake neste gong. Håper de feira det nye året akkurat slik de ville :)

4 kommentarer:

teabooks sa...

Godt å ha en slik kveld. Ble rolig hos oss også. Middag med familien, ut og se på fyrverkeri, spille spill og så gå og legge seg. Koselig!

Silje sa...

Ja, me kjente at i år (haha, i fjor sånn eigentleg) var dette heilt greitt og akkurat det me trong etter ein travel haust. Eit nytt år blir det jo uansett ;)

Ragnhild sa...

Trivelege sokkar! Eg tykkjer i grunn nyttårsafta er finast når ein kan ta det heilt med ro, og ikkje har andre planer enn å luffe ut for å sjå på fyrverkeriet når tid er inne.

I år var fyrste gong sidan tusenårsskiftet at eg var i sentrum av bygda på nyårsafta, og det var so fint å vandre langs vegen og sjå glittergneistane som spegla seg i fjorden.

Silje sa...

Takk, Ragnhild! Me fekk sokkane til jul og er begge stornøgde! :) Sidan me alltid har feira nyttårsaftan saman med andre, var det rart å berre vere oss to, men eg skal i grunnen innrømme at det samstundes var veldig fint ^^ Di nyttårsfeiring høyrest også fin og bra ut :)