4. jan. 2017

2016 i tolv bilete

I år som i fjor vil eg oppsummere året med nokre bilete, nærmare bestemt eit bilete for kvar månad og nokre høgdepunkt for den aktuelle månaden under kvart bilete. Biletearkivet mitt er ikkje heilt i orden etter noko flytting av album tidleg i haust, men det får så vere. Januar kjem her:
Laurdagstur tidleg i januar, mykje snø, me pusla eit puslespel, drakk ein del te medan eg byrja (sånn ordentleg) på masteroppgåva, laga "kjøleskapkunst" i samband med Monthly Makers, og sist, men ikkje minst: eg byrja å jobbe på Madla bibliotek.


Februar: viste fram soverommet etter oppussing, skreiv eit innlegg om kvifor eg bloggar, ny hårklipp, bra album frå Laurence Fox, vinterferie på jobb, turar både med og utan overraskingar, laga enkle vimplar til soverommet og eg posta eit innlegg om filmar.


Mars: masterskriving i fleng, påske på hytta (inkludert påskeeggjakt), fann nokre knallfine glas på Fretex, gåturar og togtur til Kr.sand der me besøkte eit venepar.


April: fine lappar rundt Mosvatnet, musikalkonsert med orkesteret, sende ut vårlege helsingar til fine folk, endå meir masterskriving, kjekke ting i posten kjøpt på Etsy og turar i bra vêr der me blant anna såg både kaninar og rådyr.


Mai: feire vår fyrste bryllaupsdag, passe den finaste kompisen (undulaten Zalo) for fyrste gong, årets fyrste loppemarknad, måle ei lita hylle, lese ut Historien om Harry Potter, tur rundt Stokkavatnet og høgdepunktet var definitvt å få levert masteroppgåva.


Juni: tur rundt ein god del av Hafrsfjord, munnleg eksamen slik at mastergraden endeleg var i boks, sølvspraya nokre blad, mykje jobb (og null skule), eg skreiv eit ærleg innlegg om studietida ved UiS, las i bok ute på balkongen og me feira enda bachelor- og mastergrad i tillegg til to bursdagar på god restaurant.


Juli: starta månaden med hyttetur opp til Ørneredet, litt jobb og resten av månaden var me på biltur: Haugesund, Bergen, Bokbyen Fjærland, Florø, Håholmen, Trondheim, tur med hurtigruta, ei dryg veke på Sjøholt og til slutt Bjorøy.


August: bærtur, posta ein del innlegg frå bilturen vår, nokre dagar på jobb innimellom, sundagstur i Sørmarka, 70-årsdag på Austlandet og tur rundt Hålandsvatnet.


September: svipptur til Oslo for å sjå Singin' in the Rain, laga ting og tang med gamle boksider, vere frivillig på litteraturfestivalen Kapittel, drikke te blant solstrålar, gå tur i Melsheia med fine folk, botaniske hage, vakraste solnedgangen og togtur til Klepp for å gå rundt Frøylandsvatnet.


Oktober: få eit årsvikariat ved Madla bibliotek, mange jobbdagar, feire svigerfar som blei 70 år, endå ein vakker solnedgang, besøk på kunstmuseet, haustvêret og -lyset, lese ut Du er så lys og lage eit eige Memory-spel.


November: hekle mange bestemorsruter som no er blitt eit teppe, frost og rim ute på bakken, kinobesøk med ei god veninne, bruke ståltråd og glasbrot til å lage smykke, prøve å sjå det fine i haustmørket sjølv om det ikkje alltid var like enkelt, lese mykje og sjå eit ekorn ved Vannassen.


Desember: adventstid, julekakebakesundag, kino der me såg Fantastic Beasts & Where To Find Them, "nissebesøk" på jobb, julestemning i nabobyen, vere sosiale med både vener og kollegaer, feire jul i Oslo og ein roleg, men fin nyttårsaftan.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

nocturnalmistakes sa...

Så mange fine glimt fra ditt 2016. Synes det høres så kos ut at dere er en del på tur her hjemme i Norge! Jeg glemmer ofte at Bokbyen faktisk er en greie, det hadde vært så moro å bile dit selv en gang!

Silje sa...

Bokbyen er verkeleg verd eit besøk, så anbefaler deg gjerne å ta turen dit i sommar :) Me bur i eit vakkert land, noko me av og til tar for gitt. Håper ditt 2016 var bra og at 2017 blir vel så bra!

teabooks sa...

Det har skjedd mye fint i 2016, altså! Er lett å glemme i all elendigheten. Virker som du har hatt mange fine stunder og opplevelser ^^

Silje sa...

Fyrste halvdel av 2016 var jo prega av alt stresset rundt masterskrivinga, men når eg faktisk såg over bileta og blogginnlegga, var det likevel veldig mykje fint som skjedde i fjor :) Satsar på at 2017 blir endå litt betre ^^

Legg igjen ein fin tanke