15. jan. 2017

Snø, sol, vind og regn om kvarandre

Natt til i går la det seg eit tynt, kvitt lag med snø, og sjølv om eg ikkje er storfan, gjer snøen alt så mykje lysare. Å komme meg på jobb i går var plutseleg ikkje så vanskeleg lenger sjølv om eg måtte stå opp i åtte-tida. Kvar dag har ikkje vore så fin, for her i byen har det vore vått og kaldt, sol og endå kaldare, ja, de skjønner teikninga ;) Men så altfor ille har det ikkje vore, altså. Jobb, lesing og litt speling med orkesteret (me øvde til og med her heime på måndag) er det som har vore på planen denne veka; eigentleg ikkje noko særskilt nytt med andre ord. Ei lita sundagsliste kjem her:

✦ den kvite snøen som låg så fint på ein busk på veg til jobb i går
✦ sundagskos med presskannekaffi og After Eight
✦ "Symfonisk skråblikk"Ida oppsummerer så bra om ein symfoniorkesterkonsert
✦ sola som tittar inn både på jobb og inne i leilegheita vår
✦ gå tur i herleg vintervêr
✦ sjå vidare på The Crown
✦ vakre og stemningsfulle vinterbilete frå Frøya inne hos June
✦ setje av tid til å lese litt kvar kveld
✦ kjenne at eg meistrar det å vere datahjelp på jobb
✦ nok ei bra og nervepirrande bok frå Lars Kepler, nemleg Kaninjegeren
✦ "Jeg er ikke i betalt arbeid. Men jeg jobber beinhardt" – bra skriven om eit viktig tema
✦ at filmatiseringa av To Kill A Mockingbird (Drep ikke en sangfugl) var like bra som boka
✦ stilla ute på sundagstur, mykje på grunn av snøen som ligg som eit tynt teppe
✦ saknar folkehøgskulelivet når eg les denne her
✦ kvardagsluksus med kaffi som er trakta på nykverna kaffibønner
✦ ein idé til månadens Monthly Makers-tema (som er kontrast)
✦ måndagsdate med te og høgtlesing av lappane frå minneglaset
✦ lese ut Kunsten å være den man er

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Det var so fint å få litt snø (sjølv om den er i ferd med å forsvinne), nettopp fordi den lyser opp dei mørke morgonane.

No fekk eg verkeleg lyst til å sjå filmatiseringa av To Kill a Mockingbird! Er mange år sidan eg las boka, og det kunne vore fint med eit gjensyn med den i filmformat. I alle fall dersom den er god!

Silje sa...

Om ein film eller bok er god, er jo alltid subjektivt, men eg synest filmatiseringa av denne boka var bra og at den var tru mot boka :) Og ja, sjølv om eg ikkje er særskilt fan av snø, var det jo herleg at det blei litt lysare :D