5. jan. 2017

Vinterlys frå ein fin film



Filmmusikk, både den heilt instrumentale og den med tekst, har alltid vore noko av det eg fint kan høyre på fleire timar om gongen. Om og om igjen. Når musikken i tillegg er frå ei historie eg kjenner så godt, frå ei bok eg hugsar så godt frå barndommen, då er det litt ekstra stas. Eg snakkar om The Secret Garden. Såg to filmatiseringar av boka, den frå 1987 og den frå 1993, her i haust, og musikken til sistnemnte er ordentleg vakker (komponert av Zbigniew Preisner). "Winter Light" med Linda Ronstadt er ekstra fin, og difor deler eg den med dykk, seint ein torsdagskveld i januar.

0 kommentarer: