23. jan. 2017

Bøker på loppis

Årets fyrste loppemarknad gjekk av stabelen på laurdag i Ynglingehallen, rett ved skulen der eg gjekk på musikklinja. Fann ikkje så veldig mykje som eg ville ha med meg heim, men det er jo eit eller anna ved det å berre sjå seg omkring. Sjekk ut desse gamle lampene med artige skjermar!


Inne i hallen var det mange folk, og det var visst endå fleire då dei opna klokka ti ifølgje aftenbladet.no; eg var der ikkje før klokka hadde passert elleve. Titta på desse koppane i Astrid-serien frå Figgjo. Frå før står ei søt, lita fløtemugge i hylla her i stova saman med ein tallerken i akkurat denne serien. Men eg synest koppane blei for store og tunge, så det blei med tittinga.


Bøker finn ein jo alltid på ein loppemarknad. I Ynglingehallen hadde dei klart å sortere dei slik at ein kunne gå etter kategoriar som barnebøker, kokebøker og liknande. Sjølv om eg meiner at me i botn og grunn har nok bøker (i alle fall dei me treng og som gjer oss glade eller betyr noko for oss), kunne eg ikkje la vere då eg såg De elendige (Les Misérables) av Victor Hugo i ein fin klassikarserie. Så dei to bøkene blei med meg heim ;) Og det var den loppemarknadturen, den fyrste i 2017.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Luisa - La Mar sa...

Å finne fine gamle bøker på loppis er gøy, har en hel samling med Tolstoj-bøker som jeg har funnet på loppis :)

Silje sa...

Er ikkje alltid eg finn noko, men det gjer det jo berre endå kjekkare dei gongane eg gjer det :D

tea sa...

Haha, vi har faktisk noen av de blomstrete dyptallerkene på bilde nummer fire. Kjøpte de på Fretex i fjor en gang. Er morsomt å dra på loppemarked uansett om man finner noe eller ikke ^^ Og jeg tror aldri jeg kommer til å tenke at jeg har nok bøker, haha huff.

Silje sa...

Så vittig det med dei dype tallerkenane ;) Fretex, NMS Gjenbruk, loppemarknadar og andre bruktbutikkar er alltid like kjekt og triveleg! Bøker <3

Legg igjen ein fin tanke