Store smil, mykje latter og nokre tårer. Halvanna år har gått, halvanna år sidan den aller finaste dagen, den dagen då me blei mann og kone. Ein dag me begge hugsar tilbake på med glede ♡
Sidan han er bortreist på sensoroppdrag, har me ikkje noko markering i dag. Men tidlegare denne månaden tok me fram resten av bryllaupskaka frå fryseboksen og koste oss med den. Og kaffi så klart. Begge delar servert på eit vakkert servise, kjøpt på Kyrjetorget. Og kaka var framleis god :)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Tenk at det er 1,5 år siden! Synes ikke det er så lenge siden jeg leste om bryllupsforberedelser på bloggen din ^^ Gratulerer så mye til dere begge! Stas!
Tusen takk, kjære deg! <3 Nei, eg skjønner heller ikkje at det er gått halvanna år, tida går nesten litt for fort om du spør meg ;)
Legg igjen ein fin tanke