2. des. 2016

Julesongen med stor J



No er desember her og sjølv om me har høyrt på julemusikk på radioen i nærmare to veker allereie, er det no det byrjar, sånn på ordentleg. Er det ein song eg berre må høyre, er det "Walking in the Air" med Aled Jones. Og det bør helst vere den versjonen der han syng med seg sjølv som ung. Det er denne versjonen eg snakkar om, det er den som er den aller finaste, men den nye innspelinga frå i år (videoen over) er heller ikkje så verst. Marte Wulff og Charlotte Qvale har også laga ein nydeleg versjon, på norsk med tittelen "Vandrer på en sky". Har nok delt den i ei sundagsliste no i haust, men den toler å bli delt ein gong til. Ein travel fredag ventar med jobb frå ti til sju, og utpå kvelden er det førjulskos hos ein kollega. Ønskjer alle ein bra fredag og ei fin helg, den fyrste i desember :)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Den er så fin! Enig at den må høres (flere ganger) i adventstiden.

Silje sa...

Så vakker, og helst med Aled Jones :D God fredag og god helg, fine deg <3

Ragnhild sa...

Dette var jo ein nydeleg versjon - takk for delinga!

Silje sa...

For meg er i alle fall dette den ultimate julesongen ^^ Ønskjer deg og dine eit flott nytt år <3

Legg igjen ein fin tanke