9. nov. 2016

Drøymer meg tilbake til ein fin, liten sundagstur

Treng å drøyme meg litt vekk no i kveld, og kva passar vel betre enn å drøyme meg tilbake til vår lille sundagstur?! Ein sundagstur som var så fin. Sjølv om formen ikkje var heilt på topp, kom me oss ut ein liten tur. For ute var det sol og knallblå himmel, vêret var berre heilt supert, særskilt til november å vere. Trea såg trolske ut, og mange plassar var det framleis fine haustfargar å sjå.


Lyset var magisk, dei gule blada fekk ein endå meir gyllen farge, dei skein verkeleg opp. Skuggane var lange. Så utruleg godt å kjenne sola i andletet, kjenne at det framleis kan vere litt varme når sola fyrst er framme. Å få oppleve ein slik dag i november her i Stavanger er ikkje sjølvsagt.


Turen gjekk opp til Ullandhaugtårnet, og sjekk utsikta som møtte oss! Blå himmel så langt me kunne sjå, utsikt over byen, fjell og skog. Frå gapahuken i Sørmarka kom det røyk, det var fleire ute på tur og det skjønner eg godt – det var jo supert turvêr! Slike turar er alltid veldig velkomne :)

0 kommentarer: