13. nov. 2016

Kinobesøk og lesestund

Onsdag, torsdag og fredag denne veka var eg grasenke, så det var veldig fint å få mannen min heim igjen natt til laurdag. Det som ikkje er fullt så fint er at han har klart å bli forkjøla endå ein gong, så no sit eg berre og ventar på at det, nok ein gong, blir min tur... Blærk, håper det ikkje blir fullt så ille som førre veke ;) Bortsett frå det har det vore ei grei veke med jobb måndag til fredag, lesestund (både høgt for ei barnehagegruppe på jobb og stille for meg sjølv her heime) og kinobesøk. Elles ikkje så mykje nytt, dagane fyk forbi og om ikkje så lenge er adventstida her. Sundagslista kjem no:

✦ gleder meg til å sjå Fantastic Beasts & Where To Find Them på stort lerret
✦ men det var også veldig kjekt å sjå den tredje Bridget Jones-filmen på kino med ei god veninne
✦ eit nusseleg, lite piggsvin
✦ at plassen foran det nye hovudbiblioteket i Oslo skal heite Anne Cath. Vestlys plass
✦ lese ut den korte, men fine boka Et helt liv og den herlege boka Herr Fikrys litterære liv
✦ at det jamt over har vore bra vêr sjølv om me er godt ute i november
✦ sjekk ut desse fine sakene i keramikk
✦ drøyme meg vekk med Sofies verden på film (tenk at det er tjuefem år sidan boka kom ut)
✦ vakker soloppgang og -nedgang ved Mosvatnet på veg til og frå jobben
✦ "Let It Go" er ein ganske overspelt song, men berre høyr på denne versjonen
kjekke kompliment både frå kollegaer og kundar om den prikkete kjolen eg hadde på meg ein dag
✦ alltid Severus Snape
✦ hente ein pakke på posten med to favorittgenserar frå Gudrun Sjödén
✦ sjå ein episode av Heartbeat
✦ vakre bibliotek
✦ setje av tid til hekling
✦ og også klare å setje av litt tid til lesing kvar ettermiddag
✦ å komme heim til ein fin lapp som mannen min hadde skrive før han drog til Oslo på seminar
✦ Synne har skrive eit bra innlegg om presidentvalget i USA
✦ finne ein kul kaffikopp i kjøkkenhylla på jobb

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

So mykje fint!

Keramikk er so vakkert. Og det er som regel innhaldet i Gudrun Sjödén-pakkane som kjem i postkassa òg, hihi!

Silje sa...

Alltid like gøy å setje saman sundagslistene, for som regel er det så mykje bra og fint som er verdt å dele :) Håper du får ei topp helg, Ragnhild! :D