18. nov. 2016

Tid for hekling

Dryge fem månadar har gått sidan eg var ferdig med mastergraden, heilt ferdig med både den store oppgåva og den munnlege eksamenen. Sjølv om det byrjar å nærme seg eit halvt år, er det framleis uvant å ha kveldane og dei fleste helgene ledige. Det er uvant å vite at eg ikkje treng å tenkje på å skrive på ei skuleoppgåve, lese pensum, møte opp på forelesningar. Etter kvart har eg kjent på at eg må ha noko å halde på med utanom å lese ei god bok eller sjå ein episode av ein TV-serie. Inspirert av denne oppskrifta fann eg ut at eg skulle lage eit pledd til å ha i stova, som ein kan bruke på kalde og mørke dagar. Har komme eit stykke på veg, og kaffi- eller tekoppen er aldri langt unna :) Koseleg å ha noko handarbeid å halde på med no utover hausten og vinteren. God helg, folkens!

6 kommentarer:

teabooks sa...

Blir spennende å se resultatet! Skjønner at det er litt rart å ikke ha oppgaver og forelesninger lenger, men jeg misunner deg litt. Studiene er en jobb man hele tiden har hengende over seg, synes jeg. Kan jo godt hende det er sånn i arbeidslivet også, da. Hva vet jeg, hehe. God helg, fine!

Silje sa...

Veldig kjekt å halde på, men også veldig kjekt og stas når eit slikt handarbeid byrjar å nærme seg ferdig og ein kan sjå korleis det heile blir :) Når det gjeld studier samanlikna med vanleg jobb, kjem det vel an på jobben. Til no har eg ein jobb der eg ikkje treng å ha med meg noko heim, om ein ser bort frå å lese nye bøker som eg kan anbefale (eller ei) til dei som stikk innom (og nokre bilete- og barnebøker til lesestund eller klassebesøk). Med andre ord kjenner eg meg veldig godt igjen når du skriv at studiene er ein jobb som ein stadig har hengjande over seg. Vel, eg skal ikkje klage, det er berre uvant å ikkje skulle eller måtte tenkje på skulearbeid ;) Og som sagt – god helg, kjære Ida :D

Ragnhild sa...

Likar fargane! Vonar vi får sjå det ferdige resultatet når so langt kjem?

Eg òg byrja på teppe no i haust, men det er i lappeteknikk, noko eg ikkje har prøvd meg på sidan eg var femten, trur eg. Det er jo ein type handarbeid som ikkje er like mobilt som hekling (alle flater i bestestova er nedlessa av stoff no!), men det er veldig greitt å kunne lage ein liten bit i slengen.

Silje sa...

Jepp, sluttresultatet kjem garantert her på bloggen og på Instagram, men noko usikker på når; eg stressar ikkje :) Må vel seie det slik at eg diggar fargane sjølv også ;) Så tøft det høyrest ut å låge eit teppe i lappeteknikk, og eg skjønner godt at det akkurat no ligg stoffbitar mange plassar der heime. Alltid moro å kunne halde på med ei eller anna form for handarbeid ^^

June sa...

Fiine farger <3

Silje sa...

Einig der, June :D