14. nov. 2016

Ein bit av kvardagsmagi

Som eg nemnde i sundagslista i går, fekk eg oppleve nokre vakre soloppgangar og -nedgangar ved Mosvatnet på veg til og frå jobb førre veke. I dag var det derimot vått og grått, men kva gjer vel det når eg kan sjå tilbake på minne som dette?! Denne soloppgangen såg eg på veg til jobb på fredag. Klokka var rundt halv ni, det var klart, kaldt, det var stille. Ei slik stund er ordentleg kvardagsmagi.


Fire dagar før, altså måndag for akkurat ei veke sidan, var det solnedgangen som slo til for fullt. Endå ein bit av magi, og eg prøver verkeleg å verdsetje noko så vakkert som dette sjølv om eg er ved Mosvatnet ganske ofte. Tenk at dette er min jobbveg når eg er på to hjul; eg kjenner meg heldig.

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Novemberlyset, altso! Og når dagane for øvrig kanskje er litt duse og nedtona, so blir det so endå mykje flottare når soloppgangen eller solnedgangen bestemmer seg for å setje litt farge på verda. Du har fanga det vakre på vakkert vis!

Silje sa...

Som eg skreiv så kjenner eg meg heldig som kan sykle til jobb og samstundes få med meg vakre augneblink som desse to! Sukk, altså ^^ Og tusen takk for nok ein kjempefin og koseleg kommentar :)