21. nov. 2016

Med ståltråd og bladmetall

I nokre år no har eg samla på slipte glasbrot, og det har etter kvart blitt ein del. Eg har mange idéar når det gjeld kva eg skal gjere med dei, men eg klarer likevel ikkje heilt å bestemme meg. Temaet denne månaden i skaperutfordringa Monthly Makers har vore metall, og då fann eg ut at eg kunne i alle fall bruke nokre av glasbrota til å lage smykke. Om ein søker på "sea glass jewelry" på nettet, finn ein mange forskjellige uttrykk, og eit av dei ser slik ut. Eg lot meg inspirere av denne og lagte nokre heilt enkle smykkeanheng av ståltråd og glasbrot. Kjempeenkelt, men samstundes så fint.


Noko anna eg også har tenkt på ei stund, har vore å lage serviettringar og bordkorthaldarar av leire. Ikkje at me kjem til å bruke dei så ofte, men det er kjekt å kunne pynte litt ekstra når me får gjester på besøk. Serviettringane kjevla eg ut i passe store bitar og skøytet endane saman så godt som eg kunne. Når det gjeld bordkorthaldarene, kom eg over denne som eg brukte som inspirasjonskjelde. Etter at alt hadde tørka, var det fram med pussepapiret (den keisame delen av prosjektet). I ei av hobbyeskene mine har eg lenge hatt to pakkar med bladmetall (eller bladgull), ein med gullfarge og ein med sølvfarge. Ved å bruke litt decoupagelim på små delar av serviettringane og bordkorthaldarene, var det "berre" til å leggje på bladmetallet og børste vekk det som blei til overs. Eg skriv "berre" fordi bladmetall er så tynt og porøst, så den jobben var enklare sagt enn gjort.


Før helga var omme, hadde eg dekorert fire av åtte serviettringar og det same med bordkorthaldarene; resten får eg ta denne veka. Utruleg vanskeleg å ta bra bilete når dagslyset ute er mørkt og grått, men de får no eit visst inntrykk av korleis resultatet blei. No må me berre invitere folk slik at me kan ta borddekorasjonen i bruk :) Dette er altså mitt MM-bidrag denne månaden.

17 kommentarer:

Ruth | HungryHeart.se sa...

Åh vad fint det blev, Silje! Och roligt också att du provade på flera olika tekniker. Både servettringarna och korthållarna skulle förgylla vilken fest som helst och halsbandet kanske blir perfekta accessoaren festen? =)

Silje sa...

Å, Ruth! Tusen takk for kanonfin kommentar! Måtte nesten le litt, for det hadde jo vore alle tiders å bruke alt på den same festen ;)

Wilda sa...

Vilka fantastiska skapelser! Så kreativt så att det spritter i fingrarna på mig. Vill genast polka fram lera och härmas. Tycker också mycket om smyckena, de är så rena i färgerna och metallen gör sig så bra ihop med det. Så kreativ och händig du är! :D

Silje sa...

Tusen takk for ein superkjekk og veldig fin kommentar, Wilda! :D Smiler her eg sit når eg les dette! Er så gøy å vere med i Monthly Makers, det er eit kjempebra initiativ :)

Mikaela sa...

Superfint! Älskar havsglas, smyckena var så fina! Riktigt fint med servettringarna och placeringskorthållarna också!

Silje sa...

Får aldri nok av slike slipte glasbrot ;) Takk for koseleg kommentar, Mikaela! :)

Jessica Andersdotter sa...

Heja vad fint!!!

Silje sa...

Tusen takk, Jessica! :D

Louie sa...

Så fint!!

Silje sa...

Takk for det, Louie! :)

aliciasivert sa...

Såå snyggt Silje! Läckert att linda ståltråd runt glasbitarna, jag tror du kommer få mycket användning för dem :) Och så gillar jag de geometriska korthållarna! Smart, enkelt och snyggt!

Silje sa...

Fine Alicia! Tusen takk for den kjekke kommentaren din :) Bordkorthaldarane og serviettringane kjem til å bli brukt no når jula nærmar seg, og smykka kan eg jo bruke når som helst. Veldig kjekt å vere med i Monthly Makers, så mange fine folk og mykje bra inspirasjon!

Stina | Stinas tillvaro sa...

Så kul att kunna duka med sina egengjorda grejer sådär, perfekt till nyårsdukningen ju ;)

Silje sa...

Ja, håper å få brukt dei no når både jula og nyttår nærmar seg :) Tusen takk, Stina!

Anna María sa...

Vad fint Silje! Kul att du provade lite olika tekniker. Korthållaren är min favorit. Snyggt och personligt.

Mary Sane sa...

Vilken kul idé med servettringarna! Gillar mixen av vitt och metall.

Silje sa...

Anna María og Mary: Tusen takk for hyggelege og fine kommentarar :D