5. nov. 2016

Ein vakker song tidleg ein laurdagsmorgon



Joda, songen "Hallelujah", skriven av Leonard Cohen, blant anna covra av Jeff Buckley og denne norske kvartetten, er nok for mange ganske oppbrukt. Eg er ein av dei som synest det, men då eg høyrde Pentatonix sin versjon førre veke, måtte eg berre lagre videoen. Det er noko eige med den, songen får eit anna uttrykk og stemning enn tidlegare, og det trur eg er fordi dei syng a cappella. Rett og slett nydeleg! Berre ei lita helsing på morgonkvisten, her er det snart av garde til jobben :)

0 kommentarer: