Adventsstjerna heng no i vindauget. Den lyser så fint, den gir varme til heimen når det elles er så mørkt rundt oss. Stjerna er den same som eg hadde hengjande på rommet mitt i barndomsheimen, den har vore med oss til Kr.sand og no her i Stavanger. Ei lita kvardagsglede å komme heim til når ein har hatt seinvakt på jobb. Julemusikken er på, julepynten er funne fram. Adventstida er her.
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Er det noko som gjev adventsstemning, so er det slike stjerner! Eg har mi på kjøkenet, og det er so lunt og fint å tusle inn der på morgonen og vente litt med å skru på taklyset, berre sitje ei stund med stjerna som einaste lyskjelde.
Når stjerna er vel plassert i vindauget, kan adventstida byrje. Den gir ordentleg adventsstemning, og det blir ikkje jul utan ;)
Legg igjen ein fin tanke