4. nov. 2016

November er her

Vanskeleg å ta bilete inne no når dagane blir kortare og mørket ute stadig tar over dagen. Men eg har no prøvd å få tatt nokre bilete av novembersida i Harry Potter-kalenderen. Og tenk, om berre ein månad er desember og adventstida her! Vel, må berre komme oss gjennom november fyrst. I kalenderen denne månaden er hovudbiletet henta frå den fjerde filmen, Harry Potter og Ildbegeret. Denne fredagen er det rett og slett heimedag med forkjøling og hovudverk, men eg satsar på å vere klar til jobblaurdag nede i byen i morgon. Håper alle får ei fin novemberhelg :)

Legg igjen ein fin tanke