6. nov. 2016

Den perfekte sundagen

Den perfekte sundagen er når ein kan sove litt frampå, kose seg med nybakt brød og presskannekaffi, gå ein tur ute og kjenne sola varme (sjølv om me er i november), lese i ei bok, hekle medan ein ser på film. Akkurat slik har det vore her hos oss i dag, og eg trur eg trygt kan seie at me trong det. For min del har det vore ei veke med to klassebesøk, eit møte, jobblaurdag og forkjøling (måtte vere heime på fredagen, for då var eg verkeleg ikkje i form). Han har hatt nok å gjere med å skrive ei prosjektskisse til doktorgraden og å vere på øving med korpset som han skulle spele med i gårsdagens Siddis Brass. Puh. Men i dag har me fått slappa av, senka skuldrene, og me byrjar å bli klar for ei ny veke. Under kan de sjå mi veke oppsummert i kjekke punkt og fine lenkjer:

✦ gå tur opp til Ullandhaug i strålande vêr med knallblå himmel og finfin utsikt
✦ graffiti på bussen, ein form for busskunst
✦ lese ut to Roald Dahl-bøker
 le og gråte til to av episodane i den nyaste sesongen av Cold Feet (eller Kalde føtter på norsk)
✦ og apropos Cold Feet: det kjem ein sjuande sesong seint neste år eller tidleg i 2018 :)
✦ om morgonstund og musikk inne hos Julianne
✦ ein søt, liten kortfilm frå Pixar
✦ at me trass ei travel veke har fått gått to turar, ein i dagslys og ein i novembermørket
✦ fortsetje på heklinga av eit teppe
✦ sjekk ut desse fine bokhyllene som Helena har funne
✦ følgje statusoppdateringane til linjene ved Bømlo folkehøgskule som er ute på linjetur
✦ sjå desse bileta av ein katt og ein liten mus
✦ smake på ein ny te som eg har kjøpt på Søstrene Grene (god var den også)
✦ høyre den norske versjonen av The Song That Goes Like This Beat for beat – så himla artig
✦ soloppgang på veg til jobben
✦ får så lyst til å gå ein ordentleg fjelltur når eg ser Alicia sine bilete
✦ lese Lukta av våt jord om natta, ei lita bok om sorg, saknad og minne
✦ gleder meg til å sjå denne filmatiseringa av Skjønnheten og Udyret neste år
✦ verkeleg utnytte sundagen før ei ny veke startar

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

draumfarir sa...

Roald Dahl <3 høres ut som dere har hatt ei fin uke, selv om det har vært noe travel. Det er bra! Trege søndager hvor man bare koser seg er de beste. Håper du får ei fin uke, Silje! <3

Silje sa...

Hei, hurra for både Roald Dahl og treige sundagar :D Er no godt i gong med veka, men som nemnt så var det så herleg å ha heilt fri i går. Satsar på at veka blir bra, og ønskjer at også du får ei flott veke, fine Ida <3

Ragnhild sa...

Av og til er verkeleg søndagar det mest kjærkomne ein kan tenkje seg!

Det var mange fine bokhylleløysingar på den linken, kanskje noko å ta fram neste gong familien er samla for å diskutere romløsninger. (Det er opphavet som eig huset eg bur i, og det som blir gjort av oppussingsarbeid er eit samarbeidsprosjekt mellom dei, meg og bror min - og nokre av oss er litt meir opptekne av/desperate etter å få bokhylleplass enn andre, hoho!)

Silje sa...

Ein slik sundag var ordentleg etterlengta og veldig velkommen :) At romløysingar må diskuterast skjønner eg godt, men jepp, i den lenkja var det ein del gode forslag. Her heime stod det bokhyller på den eine stoveveggen då me flytta inn, og dei står her enno. Sidan me har betongveggar, bruker me bokhyllene ikkje berre som bokhyller, men også til å ha pynt i, bilete, filmar, brettspel osb. Praktisk! Håper de kjem fram til ei løysing, og eg skjønner godt at du gjerne vil ha plass til bøker ;)

Legg igjen ein fin tanke