10. nov. 2016

Roald Dahl

I år ville Roald Dahl ha vore hundre år. Om ein ser bort frå at eg las Matilda for omtrent eit år sidan, må eg nok innrømme at eg har lese lite av Dahl dei siste ti åra. Tidlegare i haust såg eg ein del av bøkene hans utstilt i ei utstilling på jobb, og eg lånte med meg to av dei heim. Valet fall på Heksene og Verdens største fersken, begge med knallstilige illustrasjonar av Quentin Blake.


I Verdens største fersken er det innimellom nokre rim og regler, og det er så artig å lese dei, alle tulleorda og orda som rimar på kvarandre. Saman med streken til Blake, er dette noko av det som for meg er ordentleg "dahlsk" (kan eg seie det?!). Sjølv om dette er typiske barnebøker (han skreiv jo nokre for oss vaksne også), sat i alle fall eg og koste meg då eg las desse to ferdig førre veke.

4 kommentarer:

Anonym sa...

I love Roald Dahl and Quentin Blake! In the ninetieth sometimes I`ve red "The BFG" -German title "Sophiechen und der Riese" with my schoolchildren at the end of their 2nd class. Greetings from Bavaria to beautiful Stavanger!

Silje sa...

We saw the movie "BFG" in August when it was at the cinema, and that is also a nice story by Dahl (I have read it before, but I don't remember when I read it last time). The books by Roald Dahl bring me so many childhood memories, and I love to read some children books among all the crime book and novels I usually read that is meant for adults. And I think it is so great to hear from you :) Greetings right back from Stavanger!

Ruth | HungryHeart.se sa...

Vilken nostalgikänsla jag får av Roald Dahl-böckerna! Jag läste Matilda, Häxorna och Stora vänliga jätten som barn och älskade dem. Blir allt lite sugen på att läsa om dem nu i vuxen ålder. =)

Silje sa...

Kjenner meg veldig igjen i den nostalgikjensla, Ruth! Las mange av bøkene til Dahl då eg var lita, og det å lese desse to, drog meg tilbake til barndommen igjen :)