2. nov. 2016

Frost ute og rim på bakken

No er det ei dryg veke sidan eg tok desse bileta, men med tanke på temperaturen så kunne det nesten ha vore i dag. På veg til jobben førre tysdag måtte eg stoppe opp eit lite minutt for å prøve å fange rimet på blada, på busken, på graset. Vakkert og ei lita kvardagsglede før jobbdagen tok til.

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Og å fange frosten klarte du verkeleg på vakraste vis!

Eg tykkjer dagen blir ekstra fin når han startar med rim på bakken og klår himmel, slik at ein må ta på den varme ullkåpa og kanskje eit par ullvottar og ei lun hue. Likar kontrasten mellom den lyse morgonen og den mørke kvelden!

Silje sa...

Skjønner så godt kva du meiner med å like kontrastane mellom den lyse morgonen og den mørke kvelden. November er nok ikkje den månaden eg liker best, men eg prøver å i alle fall å framheve alt det gode, dei fine kvardagsgledene ^^ Takk for superfin kommentar, Ragnhild! :D