11. mars 2022

Klokker av snø og fredagstankar


Fredagskveld byrjar å nærme seg slutten. Eg veit ikkje heilt kva eg skal skrive. I ein augneblink sit eg og humrar for meg sjølv fordi boka eg les er morosam, i den neste renn tårene fordi ein er sliten og kjenner ein uro i heile kroppen på grunn av nyheitene som ikkje ser ut til å bli betre. Sola har skine dei siste dagane og eg har prøvd å nyte solskinet, både ute medan eg sykla og inne i heimen vår. I går sat eg til og med ute på balkongen eit kvarters tid. Snøklokkene får meg stadig til å stoppe opp og smile, synet varmar meg like mykje ein måndag som ein laurdag. For om ikkje anna, så er våren her.

9. mars 2022

Orange is the new black




Glattstrikk på for- og bakstykket, perlestrikk på erma – denne T-skjorta er allereie så himla fin å sjå på! Eg strikka jo ein grøn versjon i fjor med trekvart erme, og eg blei såpass nøgd at eg ville strikke ein ny med ein gong. Venta litt sidan eg måtte strikke ferdig eit par andre prosjekt fyrst (blant anna Collett Sweater og Vinterseilergenser), men no er eg verkeleg i gong. Garnet er Tynn silk mohair frå Sandnes Garn i ein herleg oransjefarge. Sjå kor mykje fargen lyser opp når sola tittar inn! Har fri fram til måndag og satsar på ein del strikking dei neste dagane. Og så klart lesing, slik som alltid.

7. mars 2022

Små silhuettar


Som solnedgangen over naboblokka, blir eg ikkje lei ein slik himmel over Mosvatnet. Å sykle fram og tilbake jobb når eg veit at eg kan få oppleve kveldar som dette, eg klagar ikkje. Når det regnar og blæs som verst, er det ikkje veldig kjekt, men slik vil det vel alltid vere. For plutseleg skin det opp og eg kjenner meg heldig som bur rett ved slike små vatn og friluftsområde. Å kunne stoppe opp ein augneblink og ta ein liten pause. Sjå svanene og endene som små silhuettar. Min jobbveg.

6. mars 2022

Vårgleder i ei uroleg tid




Sjette dagen av mars er snart over, våren er offisielt i gong. Om litt kjem det ei sundagsliste, må berre skrive frå meg litt smått og stort fyrst. Veka starta jo med karantene og inneaktivitetar, noko som var litt keisamt sidan det var kanonflott vêr ute. Men på torsdag var eg på plass på jobb (gjekk berre glipp av onsdag sidan eg hadde turnusfri måndag og tysdag), og det var godt å kjenne sola varme medan eg sykla til jobb. Innimellom har nyheitene tatt mykje plass og det er vanskeleg å la vere å kjenne på uroa og frykten. Det trur eg me alle gjer. Men det har i alle fall vore ei grei helg på jobb, og under har eg prøvd å samle saman ein haug med lyspunkt under ei litt mørk veke:

✦ bøker om bøker er jo noko av det kjekkaste (The Library of Lost and Found)
✦ snøklokkene som poppar opp overalt 
✦ og kjenne sola varme og nyte den knallblå himmelen etter fleire innedagar
✦ fuglen Piper og ein tom tørkerull, for ein artig, liten skrue 
✦ sola som skein inn i leilegheita, gjennom den nye vasen og laga nydeleg skuggespel
✦ butikken Fredag som delte eit av mine bilete på deira IG-konto 
✦ nabolagspusen som ville ha mykje merksemd
✦ endeleg lese Oppfinnelsen av Hugo Cabret, og dette blei ei heilt unik og magisk leseoppleving
✦ betongbrutalisme vs. glasmodernisme – i tillegg til ein blå himmel
✦ Great Canal Journeys – så varm om hjartet for kvar einaste episode eg ser
✦ og sit med store auge når eg ser ei slik sluse som Carrapatelo Dam i Portugal
✦ høyre Morten Harket syngje "Kamilla og Sebastian" på radioen ein morgon
✦ stå opp litt tidleg måndagsmorgon for sjå ein kompis vere med på God morgen Norge
✦ badegjest som gav meg eit fint kompliment om at eg er ein solstråle
✦ laurdagstaco og sidan spele ein runde med "Dominion"
✦ å, eg smeltar like mykje kvar gong me ser ein videosnutt av denne lille, sjarmerande pelsklumpen
✦ tinge heim middag på tysdag sidan eg framleis var i karantene
✦ sjekk ut IG-kontoen til papirkunstar Ben Charman, heilt magisk det han lagar
✦ strikke vidare på det nye strikkeprosjektet
✦ gode menneske finst: sir Nicholas Winton som redda nesten 700 barn under andre verdskrig
✦ og når me treng noko å le av: ny sesongar av Kompani Lauritzen og Kongen befaler
✦ dyne, kaffi og ei god bok ein av morgonane

4. mars 2022

Nabolagskatt


Sollyset som skin inn i leilegheita står i sterk kontrast til det dystre nyheitsbiletet. Prøver likevel å kjenne på sollyset som ei glede, prøver å finne glede i alt det små. Som å finne fleire snøklokker, høyre på Markétas songar, strikke og lese. Og helse på denne herlege katten, ein ordentleg nabolagskatt. Det ser kanskje ikkje slik ut på bileta (for den ser ganske bestemt og nesten litt snurten ut), men katten kom bort for å helse på meg då eg var ute på ein kort luftetur. Strauk seg inntil buksa mi og ville tydeleg ha merksemd. Hi, hi, katten var såpass interessert at det var vanskeleg å ta bilete av den fordi den heile vegen kom for tett på kameraet. Ein fin sjarmør i pels.

2. mars 2022

Að það er allt mögulegt



At alt er mogleg. Possible. Mögulegt. Å få hjelp til å finne det som er mista. Akkurat desse orda treng eg å høyre no når verda rundt oss er uroleg. Sola skin og det hjelper også på humøret. Likevel kjenner eg at det er litt grått innimellom. Eg har jo heller ikkje vore ute dei siste dagane på grunn av koronaen, men det kan eg i morgon (og heldigvis: for vår del var dette som ei lita forkjøling). Markéta Irglová har lenge vore ein artist eg høyrer på for å roe tankane, stemma hennar har ein heilt eigen klang som har bergtatt meg heilt sidan eg fyrste gong såg filmen Once. Igrlová er opprinneleg tsjekkisk, men bur no på Island, og ho er ein av artistane som skal vere med på den islandske Melodi Grand Prix i helga. Alle artistane har sunge songane både på engelsk og på islandsk. Eg har ikkje høyrt dei andre songane og eg er heller ikkje ein stor MGP-fan, så eg kan ikkje seie noko om desse. Men for meg "Mögulegt" (eller "Possible") akkurat det eg treng å høyre midt i veka. At alt er mogleg.

28. feb. 2022

Oppfinnelsen av Hugo Cabret






Brian Selznick har laga ein eigen sjanger med denne romanen. Oppfinnelsen av Hugo Cabret er ei nydeleg bok der forteljinga like mykje blir fortalt gjennom Selznicks fantastiske illustrasjonar som gjennom orda hans. Han skildrar boka sjølv som "not exactly a novel, not quite a picture book, not really a graphic novel, or a flip book or a movie, but a combination of all these things" – eg kunne ikkje ha vore meir einig. Såg filmen for mange år sidan og har hatt boka ståande lenge i bokhylla, no var det endeleg på tide å ta den fram. Blyantstrekane som steg for steg tar oss med på ei eventyrleg og spennande reise i Paris ein gong på 30-talet, for ei unik og magisk leseoppleving.