Her kjem endå fleire bilete tatt gjennom bilvindauget i haustferien, og eg trur ikkje eg er heilt ferdig enno, for alle fargane ein ser ut no denne månaden, eg sukkar høgt. Det er som Anne Shirley frå Anne of Green Gables seier: "I am so glad I live in a world where there are Octobers".
Frå Seljord til Hafjell laurdag for halvanna veke sidan, var me superheldige med vêret. Sola skein høgt, det blinka i gult, raudt og grønt på trea og himmelen var blå. Dagen etter gjekk turen vidare til Sjøholt. Noko gråare var det, men lyset var dust, nesten magisk. Og majestetiske Trollveggen møtte oss då me køyrde inn i Romsdal. Ganske så vilt der det ragar høgt oppe i skyene!
Legg igjen ein fin tanke