Biltur i oktober kan vere ganske fint når sola fyrst vel å skine. Me drog frå Stavanger halv tre på fredag, sola stod høgt på himmelen, haustfargane var å sjå overalt. Målet den dagen var Seljord, og då er Suleskarvegen den snaraste vegen. Gyllent lys i blada og små fossar, ein bra start på ferien.
Bilturspelelista vår ljoma frå høgtalarane, eg las litt innimellom, men med det synet som møtte oss mil etter mil, sat eg mykje og såg ut bilvindauget. Liten stopp på Honnevje i Valle, rasteplassen i mitt hjarte. Blikkstille vatn og eit svakt, gyllent lys over fjelltoppen. No veit du kor du skal stoppe neste gong du køyrer i det området. Eit varmt kveldslys og solnedgang i det fjerne runda av dagen.
Legg igjen ein fin tanke