4. okt. 2026

Køyretur både her og der







Hu og hei, kor det går! Akkurat no er me på Sunnmøre, men me har også vore i Seljord og på Hafjell i tillegg til å vere mesteparten av veka i byen me bur i. Svigefar har rund dag i morgon, og han hadde invitert den nærmaste familien til å feire dagen no i helga på Hafjell hotell. Og sidan mannen min er lærar og det er haustferie, har han og eg tatt oss ei ferieveke, med andre ord blir det litt farting. Heime har det vore nokre morgonar med mykje vind (og då meiner eg mykje) samstundes som fargespelet på himmelen har vore magisk. Herleg humor på jobb, lesestunder både her og der, alle haustfargane langs vegen, treffe familie, høyre på bilturlista vår og kjenne litt på feriekjensla:

✦ Angela Harding lagar nydelege bilete og illustrasjonar, berre sjå på boka Falling into Autumn
✦ trass den sterke vinden, måtte eg stoppe opp på veg til jobb for å fange den magiske soloppgangen
✦ og eg trur det var den same dagen at eg fekk auge på regnbogen gjennom kontorvindauget
✦ høyre ferdig ei veldig god lydbok
✦ Miranda og Laura som pratar om Agatha Christie i Mirandas nyaste podcastepisode
✦ også denne veka ete lunsjen ute, og seinare på dagen ete middagen ute på terrassen
✦ finaste Honnevje, rasteplassen i mitt hjarte!
✦ busslesing medan soloppgangen viste seg frå si aller vakraste side
✦ mannen med fakkelen frå Lillehammer-OL, sett i fjellsida ved hotellet på Hafjell
✦ to søtnosar, ein liten huskykvalp og ein endå mindre kattunge, prøver å leike i lag
✦ fargerike bøker i ei bokhylle som eg såg i Seljord (jepp, me hadde to forskjellige overnattingar)
✦ lese ferdig Prosessen av Franz Kafka i lag med Leseklubben
✦ skuggespel på kontoret
✦ sjølvaste Seljordsormen (også kalla "Selma")
✦ apropos Agatha Christie – her ser du hennar utsikt gjennom fleire årstider i Wallingford
✦ dekka bord då me feira svigerfar i går, og det var koseleg å treffe alle saman igjen
✦ sukk, kveldslyset og alle haustfargane no når me har køyrt gjennom fleire av landets fylkar
✦ boka trefte meg ikkje heilt, men Har jeg bare vært et alibi? tar opp mykje viktige ang. mangfald
✦ videoen er ikkje så ny, men veldig kult at desse elevane ved Rud vgs. syng "Bohemian Rhapsody"
✦ lesing om morgonen i ei himmelseng
✦ klagar sjeldan på hotellfrukost
✦ jepp, eg er fan: The World of All Creatures Great and Small – Welcome to Skeldale House
✦ tihi, eg synest me har så mange bra songar på bilturspelelista vår

Legg igjen ein fin tanke