14. okt. 2026

Uventa overnatting






Altså, når ein fyrst må ha ei ekstra overnatting på grunn av dårlege køyreforhold, er SOV Lodge i Vågå ein ypperleg plass å vere. Natt til fredag førre veke var det meldt minsugradar på fjellet, og me køyrde difor dagen før og overnatta i Vågå. Me køyrde litt utpå dagen frå Sjøholt og kom fram i sju-tida. Klokka åtte fekk me servert heimelaga boeuf bourguignon til middag. Nam, seier eg berre – den smakte heilt fortreffeleg! Etterpå henta me kvar vår bok og sat lenge foran peisen og las. 






God seng, fine blomar på veggen, gamle tømmerveggar og mykje gjenbruk, me fann oss verkeleg til rette. Og så må eg berre skryte av både servicen og maten, for det fortener dei som driv dette lille hotellet. Frukosten var full av heimelaga og kortreist mat, og me hadde glatt tatt ei natt til i Vågå!

Legg igjen ein fin tanke