Selma, den ekte sjøormen i Seljord, fekk me nok ikkje auge på, men det var no litt stilig at dei hadde laga ein slags buskorm ved inngangspartiet til hotellet. Rommet var passe staseleg og me sov godt då me fyrst kom oss til ro. I eit av lokala, med store lysekroner, var det dagen etterpå pynta til fest.
Sjølv om me prøvde å komme oss av garde litt halvtidleg dagen etterpå, tok me oss likevel tid til å nyte ein god frukost. For – utan mat og drikke, dugar helten ikkje, eller kva?! ;) Ein bokorm (tihi) som meg, likte ekstra godt det lille biblioteket med ei hylle full av fargerike bøker, og eg fekk også auge på fleire gamle detaljar rundt om på dette hotellet med historie tilbake til ca. 1850
Legg igjen ein fin tanke