30. okt. 2026

Peak Rail 🚂





Ingen tur til dei britiske øyer utan veterantog! I fjor køyrde me ein minitur langs demolinja på Didcot Railway Centre og for to år sidan tøffa me rundt med Watercress Line ved Alton. På vår andre heile dag i Bakewell, laga med oss ein god frukost før me tok bussen til Northwood der stasjonen Rowsley South ligg. Veterantoglinja Peak Rail startar der. Stasjonen var superkoseleg (det er dei alltid), og medan me venta på damloket, kjøpte me billett og titta innom suvenirbutikken.




Lokførarane styrte litt med å få det heile i gong, men me hadde god tid og det er like fascinerande kvar gong å sjå korleis det startar sakte, men sikkert. Lyden, dampen og lukta som kjem sigande.







Interiøret kjente me igjen frå andre togturar i England, tihi! Køyrde forbi endå eit par små, koselege stasjonar (raud telefonkiosk!), såg sauar på eit jorde og berre naut det å ha ferie medan me tøffa av garde. Toget snudde ved Darley Dale, og me sat på tilbake igjen sidan me hadde returbillett. For oss er det noko eige og spesielt med slike saktegåande opplevingar, det er slik me liker å feriere.

Legg igjen ein fin tanke