27. okt. 2026

Dei elendige






"Kan du høre folkets sang?" Tenk, det er allereie ni (!) år sidan såg Les Misérables førre gong, og som den gongen såg eg den på Folketeateret, produsert av Scenekvelder. Som eg så ofte har skrive, må eg også om denne oppsettinga seie at den er heilstøypt frå topp til tå, det var eit av haustferiens store høgdepunkt! Espen Grjotheim og Anders Gjønnes som høvesvis Jean Valjean og Javert viser både styrke og sårbarheit, den indre kampen kjem til uttrykk i songane, og stemmene deira er har ei kraft utan like – både "Før ham hjem" og "Stjerner" fekk fram tårene – eg bøyer meg i støvet! Fantine er ikkje den karakteren som har lengst scenetid, men når Sanne Kvitnes syng "Jeg trodde en gang på en drøm", kjennest sorgen langt inn i hjerterota. Eg må også nemne Thomas Brasel og Andrea Rymoen som Marius og Cosette, for dei får fram håpet om kjærleiken midt i studentopprøret. Ingrid Aspaas og Alexander Langset er dyktige som Eponine og Enjolra, og latteren dukkar opp når Gard B. Eidsvold og Siren Jørgensen kjem dinglande inn på scena som dei übersleske herr og fru Thenardier. Ikkje minst er det eit stort og bra ensemble som løftar hovudrollene, og mange bak scena med lyd, lys, kulissar, koreografri, kostymar, scenografi og orkester som gjer at eg kjem tilbake år etter år – jepp, dette er min fjortande gong eg ser ein musikal på nettopp Folketeateret! Gøy å lese fun fact i programbladet om korleis ein kan sitje i sjette etasje og spele trommer medan resten av orkesteret sit i grava. Tihi, dette visste eg frå før sidan eg kjenner trommisen, men artig å ha det med lell. Viss det er ein musikal du bør få med deg i år, er det denne! 

Legg igjen ein fin tanke