I natt trur eg det var fleire enn meg som vakna til og frå på grunn av det heftige vêret. Regnet piska på ruta og vinden ulte som aldri før, og den søvnen blei det så som så med. Blærk. Heimelaga scones og bra bok har hjulpe litt for å heve denne sundagen. Og så klart det å ha ein time ekstra sidan me stilte klokka no i natt. Elles skal eg innrømme at eg kjenner haustmørket kjem sigande og det går litt opp og ned. Heldigvis er det ein del som lyser opp dagane, det meste finn du i lista under, men berre det å komme oss ut på ein bra gåtur i går før stormen tok til, var noko som gav meg energi:
✦ å, Maria Parr, altså, eg verkeleg koste meg med å lese Tonje Glimmerdal
✦ og så var det Jane Eyre av Charlotte Brontë, den vil stå igjen som ei årets beste leseopplevingar
✦ haustfargane ute, dei lyser opp kva grå dag som helst
✦ kjempegod pizza med heimelaga saus (jepp, frå tomatar dyrka i hagen)
✦ Olives fyrste Halloween for to år sidan – sjekk ut denne lille sjarmbomba
✦ kjempegod pizza med heimelaga saus (jepp, frå tomatar dyrka i hagen)
✦ ny og bra oppvekstroman frå Douglast Stuart: John sønn av John
✦ morgonhimmelen onsdag på veg til jobb
✦ at det framleis er nokre flotte hortensiaar å sjå ute
✦ for ein liten, pluffete katt som helst ikkje vil dele hundevenen sin med ein mykje større katt
✦ sår og fin bok, Høyere enn himmelen, frå forfattar Virginie Grimaldi
✦ liker generelt ikkje regn, men regndropar kan vere ganske vakre
✦ artig å dyrke rosa østerssopp frå dette dyrkesettet
✦ reisebokhandel i London, denne ser utruleg fin ut
✦ hint av blå himmel midt blant tunge skyer
✦ skuggespel på veggen ved dei fargerike LEGO-blomane
✦ bestemme oss for kor på veggane me skal plassere nokre av bileta våre
✦ bloggen Et katteliv er ti år – gratulerer så mykje!
✦ herleg gåtur i går, kjekt å treffe kjenningar på turen og veldig fint å høyre raustrupesong
✦ nabopusen som ofte er i hagen og stirar inn på oss ;)
✦ oktoberkomboen eg aldri blir lei: retrokjole og okergul strømpebukse
✦ heimelaga scones, kaffi og ei bra bok var det eg trong i dag etter ei stormfull natt


Legg igjen ein fin tanke