Togentusiastar som me er, fekk me fekk oss ein tur med damplokomotiv i år også. Lang tur blei det ikkje, men ein damptur er ein damptur, eller kva?! Dryge ti minutt med tog frå Oxford, ligg nemleg Didcot Railway Centre, eit akkurat passe stort togmuseum. Der kan ein mellom anna ta gamle damptog på to små demonstrasjonslinjer, og det var nettopp det me gjorde ein sundag seint i juli. Lyden av damplokomotivet, konduktøren som kom rundt og gav oss billettar, den gamle stilen inne i kupéane og kjensla av å humpe av garde, om så berre for eit par minutt – me storkoste oss!
Senteret er eit levande museum der mykje av opplevinga går føre seg utandørs, og me traska rundt på området. Eg prøvde meg som billettør og me såg at dei la på kol på for å halde lokomotiva i gong. Gamle koffertar låg stabla i ein haug, fleire gamle tog stod på utstilling og det var noko å sjå overalt.
I små bygg, fekk me også oppleve korleis gamle signalanlegg fungerte, me fekk prøvd å styre eit lokomotiv (det stod stille, men gøy å prøve lell) og det var montrar med togrelaterte gjenstandar, til dømes reisebrosjyrar og brassbandmusikk; brassband og jernbanene har ei sterk tilknyting til kvarandre i Storbritannia. Eit supert stopp i for oss som er glade i både tog og korpsmusikk.




Legg igjen ein fin tanke