6. nov. 2025

Fleischer's Hotel






Til mannen min sin bursdag, gav eg han eit gåvekort på ei hotellovernatting. Han kunne sjølv bestemme hotell, men det måtte vere eit av De Historiske (me har tidlegare overnatta mellom anna på Rjukan Admini, Kronen Gaard og Fjærland Fjordstove), og valet fall på Fleischer's Hotel i Voss. Gåvekortet blei brukt då me skulle heim frå Sunnmøre i haustferien, og det var ein passe tur frå Sjøholt til Voss, og så Voss til Stavanger dagen etterpå. Fleischer's har sidan 1864, med noverande bygg frå 1889, vore eit staseleg hotell i sveitserstil, og det var kjekt å berre gå rundt på hotellet og sjå oss omkring. Alle dei gamle detaljane overalt. Høgtidelege lysekroner i taket, ein gammal radio og sikkert like gammal skrivemaskin, og sjekk ut bokhylla med alle dei flotte bøkene!
 






Før middagen, svømte me litt, for hotellet har eit eige, lite basseng og boblebad. Og tihi, det er ikkje ofte ein ser slike telefonar lenger. Maten smakte godt, me delte ein tiramisu til dessert og etterpå sat me ei lita stund i baren og las. Eller, me prøvde å lese, for det var ein større gjeng som feira ein bursdag, og det var både talar og songar frå ende til anna. Livleg var det i alle fall ;) Digga lyskuplane i trappeoppgangen og i baren, og ved resepsjonen stoppa me opp for å sjå på gamle menykort.





Morgonen kom med ein nydeleg soloppgang, god hotellfrukost og solstrålar inn i romma, rett og slett ein bra start på dagen der me endeleg fekk køyre med solskinet gjennom vindauget i staden for regn på ruta. Trur ingen av oss klaga på å avslutte ferien med eit slikt hotellopphald. 

Legg igjen ein fin tanke