11. nov. 2025

Barter Books, plassen for både bok- og togentusiastar 📚🚂





Kva passar vel betre enn å sjå tilbake på ein heilt unik bokhandel på ein dag der eg har fått plassert norke av våre eigne bøker?! Hovudmålet i Alnwick i juli var, bruktbokhandelen Barter Books. Den opna i 1991 og ligg i ein nedlagd togstasjon. Togstasjonen er frå Victoriatida, designa av William Bell og opna i 1887. Då delar av Alnwick branchlinja stoppa å gå, blei stasjonen stengd i 1968. Fyrst dryge tjue år etterpå opna bokhandelen, og det er Stuart og Mary Manley som både driv og eig den. Sjølv er eg jo både bibliofil og togentusiast, så dette var absolutt plassen for meg!




Å, sjå dei fine bøkene frå Cranford Collection! Okei, dei er faktisk nye og ikkje brukte, men likevel, det må jo vere lov å ha nokre slike vakre klassikarar i ein bruktbokhandel ;) Barter Books er faktisk ein av dei største bruktbokhandlane i Europa. Ein kan også få seg ein matbit viss ein vil, og viss ein går inn ein sideinngang, finn ein Paradise der det er mogleg å kjøpe kaffi og iskrem frå lokale Morwick Dairy. Me tok ein liten is- og kaffipause før me gjekk inn i butikken for å titte endå meir. 
 




Utruleg stilig med modelltoga som gjekk skjenelangs over bokhyllene! Eg fann (og kjøpte) ei lita Maigret-bok som eg tok med meg heim. Noko av det morosame med denne butikken, er at det var her dei i 2000 fann den originale "Keep calm and carry on"-plakaten frå andre verdskrigen, og den har jo blitt eit fenomen. Og når eg fekk auge på ei favorittbok, bok nummer to i serien om Torsdagsmordklubben, kunne eg ikkje anna enn å smile. Lik Boekhandel Dominicanen, er Barter Books ein heilt spesiell bokhandel, og er du i området, berre MÅ du ta turen innom! 

Legg igjen ein fin tanke