Trong denne sundagen. Ein sundag der det einaste me hadde på planen var å bake eit par julekaker og hengje opp ei hylle eller to, elles berre lese og ta fram litt av julepynten. I går var energinivået lågt og stressnivået høgt, for eg skal ikkje leggje skjul på at fredagen var travel. Ein ting er julestresset, ein annan black friday (eller no black week) der det går i eitt frå tidleg til seint, der me til og med opnar ein time tidlegare – sjølv er eg ikkje fan av dette kjøpepresset, men det er no ein gong slik. Lesestundar, kjekk orkesterøving, vakker morgonhimmel og sakte, men sikkert ta fram jula, helse på kjentfolk på jobb, strikke og sjå film, eg smiler av slike små gleder blant desse travle dagane:
✦ ta fram adventsstaken og tenne det fyrste adventslyset
✦ lese Som sunket i jorden, bok nummer to i den spennande krimserien om Karen Pirie
✦ nabokatten som stakk fram mellom søppelspanna
✦ Toby må jo vere den mest tolmodigaste hunden, berre sjå korleis han hjelper denne lille pusen
✦ eit einsleg haustblad midt i den fargerike lyngen
✦ skrive fleire julekort
✦ las Fuglevokteren fra Vega i fjor, og det var kjekt å høyre Miranda prate om den i bokklubben
✦ haustsolstråle
✦ sauane på jernaldergarden, alltid kjekt å gå ein tur i lag med ei god veninne
✦ is i graset
✦ få opp flotte utelys ved oppkøyrselen vår
✦ med desse hovudrollene må eg nesten få med meg Les Misérables på Folketeateret neste år
✦ å, det er gøy å lese klassikarar, og den siste eg las var Redderen i rugen av J. D. Salinger
✦ sukk, magisk soloppgang eit par av morgonane
✦ raudstrupen blant snøklokkene, Emily Duffin har fanga ei så fin stemning i denne illustrasjonen
✦ småfuglane i hagen
✦ kosekrimboka Med døden til bords var heldigvis noko betre enn den fyrste i serien
✦ stilig å lage ein bokhandel i ein nedlagt undergrunnsstasjon i London
✦ ikkje berre magisk soloppgang, men også magisk solnedgang no i november
✦ morgonsola som lyser opp dei tørka blomane nær vindauget
✦ gøy at Viking er seriemeistarar for fyrste gong på 34 år – og her er høgdepunkta!
✦ gå til jobb i ti minutt og likevel lese eit par sider
✦ årets julekakebaking
✦ roleg morgonstund med litt julepynt på bordet


Legg igjen ein fin tanke