Byrjinga av veka var kald, i alle fall til Stavanger å vere. Eg måtte passe på kor eg gjekk, for det var fleire dagar med ei tynn, lita hinne av is i gatene. Men rim på bakken og på haustlauvet er no om ikkje anna eit veldig fint syn! Tempoet både på jobb og her heime er litt for høgt for min smak; på jobb er som nemnt julestresset i gong og her heime er det stadig ting og tang som skal på plass. Eg prøver å få lese litt kvar dag, høyre på roleg musikk, sende meldingar til fine folk og tenne stearinlys i novembermørket. Det hjelper. I går åt me frukost hos eit venepar, og i lag gjorde me det ganske greitt på quizen i Dag og Tid. Og så klart er det andre fine lyspunkt når dagane går litt for fort:
✦ lese Lady Susan, tenk at det er 250 år sidan Jane Austen blei fødd!
✦ byrje å skrive julekort
✦ kan ikkje anna enn å smile breitt av Per Dybvigs nyaste bok Orkesteret
✦ sol, haustfargar og eit lite hint av rim
✦ spele "Benedictus" av Karl Jenkins med orkesteret
✦ endå meir Oxford-glimt i denne nye vloggen frå Miranda, eg drøymer meg tilbake til byen!
✦ sukk, sollyset inn i heimen, eg blir ikkje lei
✦ quizfrukost hos eit venepar i går
✦ lage surdeigskanelsnurrar til quizfrukosten
✦ ha, ha, eg er ikkje veldig fotballinteressert, men gøy å sjå høgdepunkta frå kampen førre helg
✦ ein heilt nydeleg soloppgang fredagsmorgon
✦ gå ein akkurat passe tur med ei god veninne
✦ morgonsola på tretoppane
✦ morgonsola på tretoppane
✦ ordentleg artig å vere på "ein slags julekonsert" med Tønes, Ingvar Hovland, Sigfrida og Johanne
✦ og når me fyrst pratar om fotball: denne langlesinga om dommaren då Noreg slo Brasil 2-1 i 1998
✦ asfaltfint med keramikskår
✦ laurdagstaco og bra film
✦ rim på haustlauvet på bakken
✦ "Top 10 Rewatchable Male Broadway Belts" – her er både Les Misérables og The Book of Mormon
✦ "Top 10 Rewatchable Male Broadway Belts" – her er både Les Misérables og The Book of Mormon
✦ tinge heim ei lita bokhylle til stova vår
✦ tre forskjellige utgåver av Frankenstein på jobb ✦ sundagskjensla med bok, Mummi-englespelet, kaffi og noko attår
✦ og endå litt meir Oxford sidan eg nyleg las ut bok nr. tre i serien om Inspector Morse


Legg igjen ein fin tanke