14. nov. 2025

To flyttebilete og fire togbilete


To bilete frå nesten akkurat to veker sidan. Du lurer sikkert på korleis det ser ut her i nyhuset, og då seier eg at du får vente litt til. For det fyrste er det ikkje berre berre å ta innebilete på denne tida av året, for det andre er det framleis eit par esker som står rundt omkring, me manglar hyller og ting er generelt ikkje på plass. Slik er det jo med flytting, og over ser du to bilete frå vår fyrste heile dag her. Flytteesker over heile stova og ein nokså improvisert frukost med kaffi i turkoppane våre.
 



Og no over til noko heilt anna; eg sleng med fire bilete frå ein togtur mellom Newcastle og Oxford. Eg sit framleis og sorterer bileta frå interrailturen vår, og desse er neste i rekkja. Etter å ha vinka farvel til finaste Bilton Barns, køyrde me til Newcastle i leigebilen, leverte den frå oss ved togstasjonen og venta sidan på toget som skulle ta oss med til Oxford. Togstasjonane i Storbritannia er som regel alltid flotte å sjå på! Sjølve toguren var ikkje så veldig spennande – det var eit ekspresstog med null bytte og tok berre litt over fire timar – men eg titta no likevel ut togruta innimellom kaffidrikking og krimboklesing. Og plutseleg var me framme i Oxford.

Legg igjen ein fin tanke