Men litt likevel oppsummerer veka ganske bra. Sidan me plutseleg hadde tilgang til ein stor bil i går sidan me skulle hente ei hylle me fann på Finn, enda me opp med å flytte meir enn det me eigentleg hadde tenkt denne helga. Flyttesjau versjon to kallar eg det, og det er godt med alt som er gjort. I sjølve huset byrjar det å sjå ut meir og meir ut som ein heim, og sjølv om eg veit at det er mykje igjen å gjere, er eg veldig nøgd med det me allereie har fått til. Og så klagar eg ikkje på at eg berre bruker ti minutt på å gå til jobb! For min del er det kanskje litt mykje julefokus på jobb for tida, og litt for mange varer som skal ut og fram på ei og same tid, men det er no slik det er å jobbe i ein butikk. Avrunda helga med å feire farsdagen her hos oss, koseleg å invitere til kaffi for fyrste gong i nyhuset:
✦ som eg har storkost meg med å lese Den umulige formuen av Richard Osman
✦ to raudstrupar rett utanfor kjøkkenvindauget
✦ få unnagjort endå eit lass med ting, tang og møblar
✦ hallo, sjekk ut denne skjønne gjengen med to hundar (ein liten og ein stor) og ein katt
✦ morgonsola som titta inn i stova, der eg foreløpig har plassert nokre fargerike klassikarar
✦ kveldslyset i vårt nye nabolag
✦ flotte blomar og knallgod cookie levert på døra frå ei god veninne fredagsmorgon
✦ flotte blomar og knallgod cookie levert på døra frå ei god veninne fredagsmorgon
✦ og nyte Morgenleveringa med kaffi og quiz no i helga
✦ få besøk av ei anna god veninne
✦ haustkonfetti på bakken
✦ invitere mamma, pappa og broren min hit på kaffi, noko søtt og "UNO" tidlegare i dag
✦ fortsetje å hengje med på Leseklubbens lesing av Frankenstein
✦ gå til nærbutikken for fyrste gong
✦ prise kjekke klassikarar
✦ magisk soloppgang fredagsmorgon, det var liksom kaffien, himmelen og meg
✦ små, gule blad på trea
✦ Mirandas nyaste video med mange gode forslag til boklege julegåver
✦ taco og filmen Nausicaä – prinsessen fra Vindens dal i lag med mannen min og broremann
✦ spele filmmusikkversjonen av "Hitster" etter tacoen i går
✦ skal nok flytte hylla til ein annan vegg, men supernøgd med dette bruktkjøpet som me henta i går
✦ akkurat passe kosekrim for yngre lesarar: Supersnoken av David Walliams


Legg igjen ein fin tanke