16. nov. 2025

Fyr og flamme i Stavanger

God kveld i stuggu. Eller noko sånn. Som vanleg prøver eg å vere effektiv når eg skal oppsummere veka, eg prøver verkeleg å starte litt halvtidleg på kvelden med å velje ut bilete og skrive ned fine punkt, likevel tar det alltid litt lenger tid enn eg trur, og det er snart på tide å komme seg i seng. Framleis har me eit par fulle flytteesker ståande rundt om i huset, og sjølv om eg veit at ikkje alt må vere i orden med ein gong, klør det i fingrane etter å få ting på plass. Men det å finne akkurat dei hyllene me ser etter, det er ikkje berre berre. På jobb har det dessverre vore eit par kundar som anten har stått opp med feil fot eller som har latt julestresset ta overhand allereie, for på eit tidspunkt var det meir kjefting og sutring enn vanleg. Med jobb også i går, kjente eg at eg var litt ekstra sliten i dag. Ein liten tur til julemarknad på Varatun blei det no lell, ein plass kor me stadig finn kjekke julegåver (og jepp, det gjorde me også i år). Elles har kvardagen sett slik ut:

✦ den ellevte Christie-boka i år, blei Katt i dueslaget
✦ gå tur med ei god veninne i starten av veka, praten gjekk og det va herleg å bevege oss
✦ magisk morgonhimmel tysdagsmorgon, himmelen stod i brann!
✦ biletet er litt lite, men Tordendronningen av Maja Lunde og Lisa Aisato er er kjempefin bok
✦ haustfarga lerk 
✦ og særskilt Aisatos illustrasjonar er så vakre, du kan sjå og lese meir om boka her 
✦ laurdagskveld med film, surdeigspizza og strikking
✦ nytt prosjekt med orkesteret 
✦ lyslenkje mot ein gyllen solnedgang 
✦ skjønn gjeng med både lam og kattar 
✦ julemarknad på Varatun gård 
✦ kul veteranbuss sett rett ved julemarknaden
✦ ikkje beste boka frå Stefánsson, men Himmelsk måne over verdens ytterste rand har flotte ord
✦ gode lesestundar, både til jobb og her heime trass nok å gjere med flyttelasset
✦ fyr i vedomnen for fyrste gong
✦ bra varer frå REKO-ringen 
✦ Mirandas nyaste vlog med bokleg utflukt
✦ å, sollyset inn i heimen vår 
✦ sei kva du vil om betongbrutalismen, men det er stilig at svømmehallen nyleg vann denne prisen
✦ kjekt å sjå at blomane som eg fekk på døra førre helga framleis står i ein vase i stova
✦ eit lite "hei" i haustmørket
✦ kalde haustblad, for det låg rim på bakken rett før helga tok til
✦ ekte sundagskjensle med bok, blomar, kaffi og noko godt attåt kaffien

Legg igjen ein fin tanke