27. feb. 2023

Snøklokker og rullestein




Vårteikn inn i stova vår. For i den aller finaste rullesteinsvasen frå MingarWalker glassblåseri, står det no ein liten handfull små og vakre snøklokker. Sola skin inn, gjennom det raudlige glaset og lager skuggespel på sofabordet. Vasen står framme heile året med tørka blomar i, men den blei med eitt endå finare no når snøklokkene får pryde den. Kvardagsglede de luxe den siste vintermåndagen.

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Så nydelig! Et ordentlig tidlig vårtegn 😊 Det er fortsatt en stund til vi får de opp her, men gleder meg til dagen kommer.

Anonym sa...

Klem fra Anna / Ei Blå Stugu

Silje sa...

For meg er snøklokkene det aller vakraste vårteiknet, og eg blir like varm om hjartet kvart år :) Stor klem rett tilbake!

Legg igjen ein fin tanke