Mykje bra vêr her i byen denne veka, og det har vore ei glede å sykle fram og tilbake jobben. Ikkje ei glede å stå opp grytidleg, men når ein kan droppe ull og det byrjar å lysne ute sjølv om klokka berre er ti over seks, då er det i alle fall mange hakk opp frå januar og februar. Dagane på jobb har vore greie, ein del av dei faktisk ganske produktive (fredagen var kanskje ikkje ein av dei). Uroa i kroppen går opp og ned, eg skal innrømme det. Har skjønt at me er fleire som har det slik, likevel er det til tider utmattande. Solskin, kaffi, gode bøker og strikking held meg oppe. Det same gjer min gode og tolmodige mann ♥︎ Og når eg ser på bileta frå denne veka, ser eg at det er ein del lyspunkt oppi alt:
✦ kaffi, solskin, arva bestemorsruteteppe og boka Stoner
✦ blir ikkje lei synet av snøklokker
✦ Kongen befaler og Kompani Lauritzen er kjekke TV-program å følgje med på
✦ ein badegjest som kalla meg for solstråle og som sa at sola alltid skin i svømmehallen
✦ og ein annan kunde som syntest det var gøy at eg dansa litt til musikken
✦ lille flodhesten Omo, så søt, herleg og "blorbete"
✦ lage ferdig og tinge fotobok frå fjorårets bilferie
✦ orkesterøving tysdagskveld, om berre fem dagar er det konsert
✦ 100 klassiske utdrag på 10 minuttar, er så mykje artig TwoSetViolin finn på
✦ sola i andletet då eg sykla heim frå jobb på fredag
✦ hytteliv og lune vårteikn inne hos finaste Ida
✦ endå ein gong solskinet som skein inn på det eine rommet på jobb
✦ er så mange søte videosnuttar av denne lille pusen, denne gongen er det mat som er det store
✦ teste ut Afternoon Tea på GamlaVærket i går, meir om det kjem i eit eiga innlegg :D
✦ Nedtegnelser om sorg av Chimamanda Ngozi Adichie er ei kort og rå bok
✦ Sheldrik Wildlife Trust som reddar ein elefantunge, sjå kor glad elefantmora blir
✦ gå ein minitur i solskinet i dag der me på avstand helste på minihestane
✦ Endeavour og 20 "fun facts" – vil ha meir av denne britiske krimserien no
✦ at rosene mannen min kjøpte til heimen førre helg, framleis har litt futt i seg
✦ vinne ei garnpakke frå Pickles
✦ flott, vinterleg og rørande video frå Jonna – slutten med helsingane frå Ukraina vil sitje i lenge
✦ lesestund om kveldane med stearinlys på sofabordet
✦ få vite korleis det gjekk med Ben og Arthur i Here's to Us (musikalnerdar er fine folk)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Stoner: Minna om forteljestilen til Gaute Heivoll, syns eg. Bra bok! Cilla
Ja, kanskje litt. Handlinga minna om "Et helt liv" av Robert Seethaler (som eg må seie eg likte hakket betre). Heivoll skriv veldig bra, har lese og likt mange av hans bøker :)
Legg igjen ein fin tanke