14. mars 2022

Husabøturen




Halv seks ringde alarmen i dag. Altfor tidleg, men eg kom meg likevel av garde på sykkelen og var på jobb før halv sju. Tenk, no byrjar det å lysne ute når eg har morgonskiftet, og det gjer ikkje så mykje å sykle tidleg som det gjorde for eit par månadar sidan. Over til laurdag, for då var me endeleg ute på ein lengre gåtur igjen. Vindfullt var det, men innimellom varma sola og me syntest alle det var godt å kjenne frisk luft. For nokre vakre og fargerike blomar me såg rundt omkring, og eit murgjerde med stilig mosaikk fanga også blikket mitt. Desse kvardagsturane, alle plassane me utforskar.

 

Turen tok oss me både i bustadsområde, langs kysten og opp på ein liten haug. For det skal dei ha desse turane: dei er svært varierte. Vinden kjente me godt då me stod på toppen av Austbø, og det var ei slags flygande kjensle å stå med armane ut og kjenne vinden ta tak. Utsikt over bybrua og eit par av dei andre byøyene (Husabøturen er ute på Hundvåg), ikkje verst. Ein liten pust i bakken tok me oss tid til sjølv om det blåste. Og så kunne eg ikkje la vere å smile stort sidan eg hadde med meg den flotte vassflaska med Mummimotiv – den matcha til og med turjakka mi!








Nesten som ei dør på eit Hobbit-hus og ikkje langt unna ein gammal smijernsport. Gulgrøn eføy på eit tak og eit sjøhus pynta med eit raudt ror. Ein båt som låg og duppa frå side til side blant kvittoppa sjø. Ein annan plass såg me eit lite rådyr (den stakk for fort til at eg fekk tatt bilete av den...), og ein flokk med fine sauar, rett og slett ein tur heilt etter vår smak. Vår eigen by.

Legg igjen ein fin tanke