23. feb. 2022

Rullestein




Plukka med meg eit par vakre snøklokker måndagsettermiddag. No står dei i den finaste vasen som me fekk til jul frå mamma og pappa. Den er frå MingarWalker glassblåseri, eit glasblåseri med heilt nydeleg glaspynt ute på Jæren. Eg hadde den på ønskelista til jul, må vel innrømme det. Akkurat passe liten og den har ein flott, oval fasong. Vasen heiter Rullestein og fargen er rubinraud. Duken fann eg på Epla, og det er Ingunn som har laga den. Kjøpte jo desse kule øyredobbane av ho i fjor, og det er litt ekstra kjekt å finne endå meir frå den same butikken som verkeleg passar heimen vår. 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Synne sa...

Oi, så fin vase! Nydelig farge og form. Med snøklokker, hekleduk og vintersol - så oppløftende!

Silje sa...

Prøver å finne små gleder i det heile no i desse dagar, og då er denne flotte vasen med blomar i, ein hekla duk og solstråle gull verdt :)

Legg igjen ein fin tanke