27. feb. 2022

Kjensler overalt








Kan eg seie at dette har vore ei verkeleg alt-mogleg-veke? Ei berg-og-dal-bane-veke? Eg vil påstå det. Kundar som skryt oss opp i skyene den eine dagen medan ein knallsur kunde som skulle klage på alt den neste. Kjekk orkesterøving og bra vêr i byrjinga av veka, så ein i fleisen når eg vakna på torsdag og såg nyheita om invasjonen. Eg skal innrømme at eg sat i sofaen og hiksta etter jobb på torsdag. Mange inntrykk og tankane i hovudet gjekk på høggir. På toppen av dette har min betre halvdel blitt forkjøla med "den derre forbaska sjuka", eg sit berre og ventar på at det blir min tur om litt (foreløpig har han heldigvis "berre" ei vanleg forkjøling). Vel, vel, eg har heldigvis nytt prosjekt på pinnane og fleire bøker som kan halde meg med selskap. Korleis har di veke sett ut? Har du også kjent på mange forskjellige kjensler? Oppi alt har eg no klart å setje saman ei god sundagsliste:

✦ knalloransje farge på den nye T-skjorta eg har byrja å strikke
✦ den varme og flotte sola og det kalde og magiske nordlysetIda har klart å fange begge delar
✦ undring og vakre setningar i Ólafsdottir nyaste bok Dyreliv
✦ sjå denne dokumentaren om Queen og Adam Lambert i lag med mannen min
✦ skulle gjerne ha sett endå fleire Hetty Wainthropp-episodar, likevel kjekt å sjå ferdig serien
✦ Bonnie som tar oss med på ei lita omvising i hennar nye by
✦ vaske trimrommet medan eg høyrde på songane frå Jesus Christ Superstar
✦ og neste dag vaske ute i hallen medan songane frå The Book of Mormon ljoma frå høgtalaren
✦ byrje å leggje eit nytt puslespel
✦ tårene kom då me høyrde obosoloen frå The Mission ("Gabriels obo") på tysdagens orkesterøving
✦ herlege Coco, ein av dei skjønnaste kattungane, kan lyse opp kvar ein grå dag
✦ to kundar som skraut på jobb: for kjempebra service og for at eg av og til syng som "ei lerke" :)
✦ spegelbilete i ein vassdam
✦ vilt og vakkert ute på Orknøyene, håper å kunne reise dit ein dag
✦ hugsar eg blei heilt slukt av forteljinga i Der krepsene synger, og det skriv Wilda også om her
✦ eit par snøklokkar i den finaste vasen frå MingarWalker glassblåseri
✦ diggar at Victoria's Secret endeleg har med ein modell med Downs Syndrom, nemleg Sofía Jirau 
✦ steinar i forskjellige jordfargar i eit bed rett utanfor blokkka vår
✦ fastelavnsbollar for ein kvar smak (eigentleg førre sundag, men pyttsann)
✦ meir fint frå kattelivet: ein nydeleg februarbukett og "I bloggverden XI" (takk for deling, Ida )
✦ snøklokker, blir like varm om hjartet kvar einaste vår
✦ lese ei feelgoodbok med eit par herlege karakterar

Legg igjen ein fin tanke