4. feb. 2022

Flott syn frå balkongen




To bilete, tatt med akkurat ti minutts mellomrom. Himmelen over naboblokka i kveld – eg har sett den slik fleire gongar, likevel må eg ut på balkongen og nyte synet litt ekstra kvar gong. Mørkt over byen tidlegare i dag, og eg fekk ei ordentleg haglbøye då eg sykla heim frå jobben. Foreløpig få planar for helga, satsar på å øve på orkesternotane, kanskje gå ein tur viss vêret er okei og lese: har som vanleg ein stor lesehaug her heime, og plutseleg er det også fire bøker som ventar på biblioteket! Luksusproblem, eller kva?! Og så vil eg leggje opp til eit nytt strikkeprosjekt. Me får sjå.

Legg igjen ein fin tanke