7. feb. 2022

Oljå (som dei seier her i Stavanger)




Objekt som svever i lause lufta, fargerike pleksiglas med korte frasar, teikningar der oljeriggar, natur og kadaver er tett vevde saman, installasjon med eit gjennomsiktig lerret der ein film blei spelt av medan me høyrde bankelydar og ein skulptur som står på ein granittbase. I går var me som nemnt innom Stavanger kunstmuseum som ligg ved Mosvatnet. Hovudutstillinga som er der no heiter "Opplevelser av olje". No som både Lykkeland og Katastrofen Kielland ligg ute på nett-TV, er det veldig i vinden å reflektere over kva olja har betydd for landet vårt. Fascinerande å gå rundt i museet og sjå, høyre og oppleve ulike sider av oljå på eit anna vis enn "berre" det svarte gullet. Eg er ingen kunstkritikar, og veit difor ikkje heilt kva ord ein skal bruke for å skildre ei slik utstilling. Men å gå rundt og sanse alt dette frå forskjellige kunstnarar, det var ein time vel verd. Monira Al Qadiri, Raqs Media Collective, Brynhild Grødeland Winther, Apichatpong Weerasethakul/Chai Siris og Ane Graff er namna bak dei verka du ser rett over, dei verka som eg beit meg litt ekstra merke i.


Himmelen var kvit og haglet hadde lagt seg i kvite flekkar på glastaket til museet. Ein dryg time etterpå var himmelen blå og sola skein inn der me sat og åt eit lite kakestykke. Før me kom så langt, såg me ferdig resten av utstillinga der installasjonen turbulence av Christopher Cozier også fanga blikket mitt. Den er sett saman av fleire teikningar som er montert i tre panel. Til slutt tok me også ein liten runde blant den permanente utstillinga: lyset i fossen som Hans Fredrik Gude har fått fram – det ser jo så ekte ut, nesten meir ekte enn eit fotografi! Og speilingane i vatnet er like detaljerte, dette måleriet av Kitty Kielland. Tida har stått stille i desse måleria. Nesten som ei lita tidsreise.

Legg igjen ein fin tanke