6. feb. 2022

Blomar, episk forteljing og blanda drops




Gjorde lite og ingeting i går medan me i dag både har øvd på orkesternotane, vore innom biblioteket, gått ein minitur medan det hagla og vore på utstilling på kunstmuseet. Kjente eg trong dagen i går til å gjere så lite som mogleg etter fem dagar med tidlege morgonar og full rulle på jobb, energien var liksom ikkje heilt til stades. Veldig kjekt at me endeleg har opna for publikumsbading igjen, men det vil også seie at det er meir som skjer når me fyrst er i hallen. Lesing og strikking i går, noko eg også starta dagen med i dag før me kom oss ut for å gjere litt av det eine og så det andre. Som vanleg etter morgonskiftet har eg fri i morgon og tysdag, og eg klagar ikkje. Over til høgdepunkta:

✦ Niviaq Korneliussen vann Nordisk råds litteraturpris i fjor og for nokre sterke ord frå Grønland
✦ utruleg gøy å øve til filmmusikkonserten for fyrste gong med orkesteret 
✦ Noreg om vinteren kan vere heilt utruleg magisk og vakker
✦ kul kontrast mellom det mursteinsraude golvet og den kongeblå krakken (og fiskebeinsmønsteret)
✦ kongeblått er også rått då eg ein kveld hadde på meg Collett Sweater og drakk te frå ein finfin kopp
✦ treffe to barndomsveninner på jobb, tvillingar faktisk, ho eine på onsdag og ho andre på torsdag :)
✦ snøklokker og gamle bøker, finare blir det ikkje
✦ tinge heim knallgod burger frå The Shack fredagsettermiddag
✦ luksus å kunne bu på eit hotell som dette eller vere med på ein togreise som denne
✦ å faktisk komme oss ut på ein bitteliten tur sjølv om det hagla og låg kvitt-i-kvitt på bakken
✦ den alltid flotte solnedgangen over naboblokkene ein av kveldane denne veka
✦ å vere meir i nuet, la ting fare og senke skuldrene – Wilda skriv fint og enkelt om det her og her
✦ installasjonar om olje på Stavanger kunstmuseum
✦ kanskje eg må spele Star Wars på jobben igjen: på oppsida av hallen får eg Darth Vader-vibbar
✦ alle dei flotte bukettane inne hos Ida, berre sjå på fjorårets blomeår og januarbuketten
✦ byrje på eit nytt strikkeprosjekt
✦ komme heim til ein "glad i deg"-lapp ♥︎
✦ blir så varm om hjartet når eg ser kor mykje den lille grisen og kalven betyr for kvarandre
✦ ein av dei rustne mennene i byen, kul og skummel på same tid
✦ årets fyrste gåsungar
✦ tenk at det allereie er to år med Mira inne hos Et katteliv, alltid like skjønn og nysgjerrig ♥︎
✦ lese høgt lappane frå minneglaset (og ete eit par bitar av den gode sjokoladen)
✦ Stefánsson har gjort det igjen med stor skrivekunst i denne episke romanen

Legg igjen ein fin tanke