16. feb. 2022

Herre med bart


"Poirot smilte: "Enn jeg – er jeg innbilsk." "Nei, det tror jeg da ikke." Hun var tydelig fullstendig uinteressert, men det generte visst ikke Poirot. Han bemerket bare rolig og tilfreds: "Min beste venn sier jeg er meget innbilsk."" (s. 32) 

""Mais oui," sa han. "Jeg liker å ha tilhørere, det må jeg tilstå. Jeg er forfengelig, forstår dere. Jeg er sprekkeferdig, så innbilsk er jeg. Jeg liker å si 'se hvor skarp Hercule Poirot er!'" (s. 231)

To sitat som viser akkurat korleis sjølvaste Hercule Poirot er. Passe innbilsk, ein særeigen karakter, heilt herleg. God kveld, godtfolk. Sit her og høyrer på filmmusikk og er generelt litt daff etter åtte jobbdagar på rad. Lesing har det no likevel blitt tid til, og no nyleg las eg ut Mord på Nilen som denne månadens bok i #readchristie2022. Det er ikkje så mange år sidan sist eg las den, og som den gong, hugsa eg kven mordaren var. Men eg gløymer faktisk kor mange bikarakterar som er er med, kor intrikat denne historia er. Og så er den kjempeaktuell sidan det akkurat no er ein ny filmversjon ute på kino – veldig usikker på om eg skal sjå den, for i mine auge finst det berre ein Poirot (sir David Suchet om nokon skulle vere i tvil). Gleder meg allereie til å lese neste Christie-bok.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

SÅ enig i at det bare finnes én Poirot ♥♥♥ Det er ingen som slår David Suchet ;) Mord på Nilen er faktisk en av mine favoritt-Poirot-filmer. Den er SÅ bra! Veldige spennende karakterer. Også elsker jeg at de er om bord på en båt ;)

Silje sa...

Lenge sidan eg såg filmen (altså, den med Suchet, så klart), men dette er ei historie der eg faktisk hugsar kven mordaren er kvar gong – så kul og original synest eg den er og dimed sit løsninga igjen sjølv om det går ei stund mellom kvar gong eg les/ser den ;) Sukk, tenk å få oppleve heile Poirot-serien med Suchet for fyrste gong ♥

Legg igjen ein fin tanke