Etter å ha hatt ei lang jobbhelg med stemne førre helg, var det heilt greitt å berre ha ein dag på jobb. Måndagskveld gjekk i eitt med fleire ting som skjedde, og eg var sånn sett glad for at eg hadde tatt ut to feriedagar (må jo bruke dei opp før året er omme). Ikkje berre berre å senke skuldrene, men det kom seg etter kvart. Fann roa med lesing og strikking, kost meg med ein bra serie og to, vore glad når sola har titta fram, sett ein heilt herleg film på kino og faktisk eit par andre kjekke ting. Alt i alt ei god veke. Blir ein tidleg start på veka i morgon. Snart er det difor senga, aller fyrst ei liste:
✦ boka When My Heart Joins the Thousand er ein ny favoritt
✦ kjempekjekk øving med orkesteret
✦ stikke innom brukskunstmessa på Sola, og garnet til Holen ullverksted var i alle regnbogens fargar
✦ byrje på sesong elleve av The Great British Baking Show
✦ albumet For All the Dust som ei eg gjekk i klasse med på vgs. nettopp har gitt ut
✦ mykje bra å finne på IVARs bruktbu
✦ laurdagspizza, prat, Maskorama og latter heime på Sola
✦ "Ineffable" – kjempestas å sjå eit lite glimt av innspelinga av Good Omens sesong to
✦ veit ikkje om eg likte krimboka Elskeren, men gult er jo alltid kult
✦ minielefant som blir ønska velkommen
✦ ny fangst ute på REKO-ringen, gleder meg til å etter kvart smake på kaffien
✦ vise fram min flotte, kongeblå Collett Sweater
✦ kjekt å lese at det i april skal komme ferje mellom Noreg og Nederland
✦ likte ikkje omslaget, likte likevel veldig godt boka Brudetesten av Helen Hoang
✦ digga den nyaste Wes Anderson-filmen, The French Dispatch, herleg sær og for eit ensemble cast
✦ trur eg har delt denne før, men Sol Heilos versjon av "Gabriellas sång" er både vakker og rørande
✦ to ekstra fridagar = tid til mykje lesing og strikking
✦ sola som ein av dagane skapte lange skuggar på graset
✦ for ein som elskar Agatha Christie sine bøker (les: meg), er det så mange bra bokbilete her
✦ sukk, slikt haustlys på veg til jobb, eg samlar på slike dagar
Legg igjen ein fin tanke