1. nov. 2021

Solheim pensjonat




Er det ein stad frå årets sommarferie eg varmt vil anbefale, er det Solheim pensjonat i Røros. Me var innom mange unike plassar, alt frå kaféar og overnattningsplassar til nasjonale turistvegar, og me sit igjen med mange flotte minne og opplevingar. Likevel vil eg påstå at dette pensjonatet var eit av feriens høgdepunkt, og eg har venta ei stund med å dele desse bileta. Rett og slett ein godbit frå meg til deg. Pensjonatet er opprinneleg frå 1939, og i 2012 var det fem kvinner som gjekk saman om å kjøpe huset og på ny gjere dette om til ein overnattingsplass. Det ser kanskje litt anonymt utanfrå, men vel inne møter du med ein gong ei anna tid. Kjempekoseleg soverom med gamle puter i senga og gamle lamper på veggane. Og så den blågrøne fargen på omnen i fellesstova.

Servisa er akkurat slik eg liker dei – gamle og med enkle, fine mønster. I fellesstova finn du endå fleire gamle puter, vekeblad frå 60-talet, møbel i teak og ein herleg atmosfære. Ordentleg retro, heilt gjennomført overalt. Etter å ha gått litt i gatene i Røros og ete ein enkel middag, brukte me ein del av kvelden på å sitje ute i fellesstova med kvar vår bok i fanget. Feriestemning på høgt nivå. 

Legg igjen ein fin tanke