24. nov. 2021

Stille morgonstund




Skulle nesten tru det var advent allereie. Men det er enno eit par dagar igjen. Hausten er jo også ei tid for stearinlys og rolege aktivitetar, og det var fint å ha ei stille stund her ein morgon. Berre eg, kaffi i koppen, ei god bok og eit lite lys. Hadde ikkje ein gong på musikk. Stilla var akkurat det eg trong. Veit du kva eg meiner? Lese ord for ord, setning for setning, dra av garde til ein annan plass. Nyte den koppen med kaffi, stire ut i rommet. Ta meg tid til å senke skuldrene før seinvakta på jobb.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Jeg elsker sånne rolige stunder på morgenen. Spesielt hvis man sitter i mørket, med levende lys, og stillheten som selskap ♥ En kopp med noe rykende varmt og en god bok er ikke så dumt det heller ;)

Silje sa...

Ja, takk til fleire slike morgonstunder! Blir ikkje så mange av dei denne veka når eg byrjar på jobb halv sju, men neste veke derimot ;)

Legg igjen ein fin tanke