17. nov. 2021

Kuneset park


Lange skuggar som vinkar. Sola stod høgt på himmelen og skein så flott på sundag, og med det vêret berre måtte me ta ein liten tur ut. Langtur blei det ikkje, men ein runde rundt Kuneset park på Hundvåg, pluss litt til, gjorde godt for både kropp og sjel. Når sola varmar i andletet, sukk.
 




Kuneset er eit friområde som blei laga til av masse etter Ryfast-prosjektet. Små, grøne haugar heilt ute ved vatnet. Utsikta til andre sida av fjorden og blåblå himmel ein sundag i november. 



Om natta hadde det vore kaldt, og fleire plassar lag det framleis rim på bakken. På graset og på haustlauvet. Det er eit eller anna med det fyrste frosten. Ein annan stad var det ein busk eller eit tre der det framleis var nokre små, raude blad igjen på greinene. Raudfargen lyste opp i lag med solskinet. Rimet og den raude fargen, hint av både haust og vinter. Eller vinter og haust eigentleg.





Vanskeleg å fange haustlyset, men gurimalla, så vakkert det var. Og er – det skin nemleg inn i stova vår akkurat no. Blada på trea og på bakken som lyste som gull. Lyst og varmt overalt. Ein slik dag.

Legg igjen ein fin tanke