✦ tenne adventslys i den "nye" adventsstaken eg nyleg fann på ein bruktbutikk
✦ viss du ikkje har lese Makta av Heidi Furre, bør du gjere det no, direkte språk om eit viktig tema
✦ koseleg hyttehems som kjem til å bli den perfekte leseplassen
✦ sollyset som fekk både raude og gule blad til å skine endå meir gyllent
✦ lilla og kvite blomar rett utanfor blokka
✦ "Love is love is love..." – Lin-Manuel Miranda på Tony Awards i 2016 etter Orlando-angrepet
✦ haustlauvet på bakken
✦ alltid kjekt å sjå ein episode av The Great British Bake Off, fascinerande å sjå alt dei får til
✦ av og til er eit bilete av liten og sjarmerande raud panda alt som skal til
✦ sterkt å lese Døde jenter av Selva Almada
✦ tjuvstarte lesing av julebøker: biletebøkene Brev fra julenissen og En jul i Småland for lenge siden
✦ fargesprakande pariserhjul midt i Sandnes sentrum
✦ Ingebjørg Bratlands versjon av "Luka" i samband med kampanjen Taushet tar liv
✦ spele Nøtteknekkeren med Sandnes symfoniorkester – eit stemningsbilete frå orkestergrava
✦ komme heim etter to forestillingar, lage nachos og slappe av med Maskorama
✦ stille morgonstund med stearinlys, kaffi og ei bok
✦ for ein nusseleg liten tass av ein wallaby
✦ byrje å skrive julekort
✦ høyre på julemusikk, for no er det advent og jula nærmar seg med stormskritt
✦ tenk at det kan sjå så magisk ut ved Mosvatnet i november!
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Atter en gang en kjempefin liste ♥ Igjen takk for at du deler ;) Jeg syns forresten også Ingebjørg Bratland sin versjon av Luka er så fin.
Er så glad for at du liker desse sundagslistene, Ida ♥
Legg igjen ein fin tanke